Jesaja 65:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg hadde svar til dei ¬som ikkje spurde,eg var å finna for dei ¬som ikkje søkte meg.Til eit folk ¬som ikkje kalla på meg,sa eg: «Her er eg, her er eg!»

2. Heile dagen ¬rette eg ut mine hendertil eit trassig folk,som gjekk på vonde vegarog fylgde sine eigne tankar.

3. Beint opp i andletet på megeggjar folket meg støtt ¬til harme.Dei ber fram slaktoffer ¬i haganeog brenner offer på teglstein.

4. Dei held til i graveneog ligg i holer om natta.Dei et svinekjøt,har ureint sodd i skålene

5. og seier: «Hald deg unna,rør meg ikkje,eg er heilag for deg!» Dette gjer at vreiden min ryk,han logar som eld heile dagen.

6. Sjå, det står skrive for ¬mitt åsyn:Eg vil ikkje teiafør eg får gjeve dei att,ja, gjeve dei att ¬midt oppi fanget

7. både for deira brot, ¬seier Herren,og for brota åt fedrane deira.Dei brende offer på fjellaog vanæra meg på haugane.Så mæler eg opp i fanget på deiløna for det dei før har gjort.

8. Så seier Herren:Når det finst saft i druene,seier ein: «Øydelegg dei ikkje,for det er velsigning i dei!»Sameleis gjer eg ¬med mine tenarar;eg skal ikkje tyna dei alle.

9. Eg lèt ei ætt gå fram av Jakob,av Juda ein arving til mine fjell.Mine utvalde ¬skal ta landet i eige,og der skal mine tenarar bu.

10. Saron skal verta til sauebeiteog Akor-dalen til storfelægerfor dei av mitt folk ¬som søkjer meg.

11. Men de som har gått bort ¬frå Herrenog gløymt mitt heilage fjell,som dukar offerbord for Gadog skjenkjer krydda vin ¬for Meni,

Jesaja 65