Jesaja 64:5-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Alle vart vi som ureine,som skite ty vart all ¬vår rettferd.Vi vart alle som vise lauv,våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden.

6. Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn,ingen som tek seg samanog held fast på deg.For du har løynt ditt åsyn ¬for ossog gjeve oss våre synder i vald.

7. Men du, Herre, er då vår far!Vi er leira, og du har skapt oss,alle er vi eit verk av di hand.

8. Herre, ¬lat ikkje harmen din loga,kom ikkje evig i hug vår skuld!Sjå ned til oss,vi er då alle ditt folk!

9. Aude ligg dine heilage byar,Sion er ei øydemarkog Jerusalem ei audn.

Jesaja 64