4. For ein straffedag ¬hadde eg i tankar,mitt utløysingsår var kome.
5. Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte,eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte.Då kom min arm meg til hjelp,min harme stødde meg.
6. Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreideog knuste dei i min harme;deira blod lét eg renna ¬til jorda.»
7. Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningarog lova han for hans storverk,for alt det Herren har gjort ¬mot oss,for alt det godesom han i sin nådeog i si store miskunnhar gjort mot Israels ætt.
8. Han har sagt:«Ja, dei er mitt folk,søner som aldri svik.»Og han vart ein frelsar for dei.
9. I all deira trengslevar det inga trengsle.Hans eigen engel frelste dei.I sin kjærleik og i si ¬medkjensleløyste han dei ut.Han tok dei opp og bar deialle dagar frå gamal tid.
10. Men dei var trassigeog gjorde hans ¬Heilage Ande sorg.Så snudde han om ¬og vart deira fiende,han stridde sjølv imot dei.
11. Då tenkte dei på gamle dagar,på Moses, som var hans tenar:Kvar er han ¬som tok opp or vatnethan som vart hyrding ¬over hans hjord?Kvar er han som gav hansin Heilage Ande i hjarta?
12. Han lét sin herlege armfara fram på høgre sida ¬av Moses;han kløyvde vatnet ¬framfor folketog skapte seg eit evig namn.
13. Han lét dei gå gjennom djupetsom hesten på steppa– dei snåva ikkje.
14. Som når ein buskap ¬går ned i dalen,førte Herrens Ande dei til ro.Ja, såleis førte du ditt folkog skapte deg eit herleg namn.
15. Sjå ned frå himmelen,ja, sjå frå din heilage, ¬herlege bustad!Kvar er din brennhug ¬og di kraft?Di djupe medkjensle ¬og di miskunnheld du att frå meg.
16. Og du er då vår far!Abraham veit ikkje om oss,og Israel kjenner oss ikkje.Men du, Herre, er vår far,frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar.
17. Kvifor fører du oss bort, ¬Herre,frå dine vegar?Kvifor gjer du hjarta vårt hardt,så vi ikkje ottast deg?Snu om for dine tenarar skuld,dei ætter som er din eigedom!
18. Eit lite bel ¬fekk folket eiga ditt tempel,så trakka våre fiendar ¬ned din eigedom.