Jesaja 63:16-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og du er då vår far!Abraham veit ikkje om oss,og Israel kjenner oss ikkje.Men du, Herre, er vår far,frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar.

17. Kvifor fører du oss bort, ¬Herre,frå dine vegar?Kvifor gjer du hjarta vårt hardt,så vi ikkje ottast deg?Snu om for dine tenarar skuld,dei ætter som er din eigedom!

18. Eit lite bel ¬fekk folket eiga ditt tempel,så trakka våre fiendar ¬ned din eigedom.

19. Det har vorte med osssom om du aldri ¬hadde rådt over oss,som om ditt namn ¬ikkje var nemnt over oss.

Jesaja 63