1. Kven er han ¬som kjem frå Edom,frå Bosra i blodraude klede,han som er så briken ¬i sin bunad,og skrid fram i si store kraft?«Det er eg, ¬eg som talar i rettferd,eg som har makt til å frelsa.»
2. Kvifor er din bunad så raud,lik kleda åt ein ¬som trakkar druer?
3. «Åleine trødde eg i vinpressa,ingen av folka var med meg.Eg trødde på dei i vreideog trakka dei ned i harme.Då skvatt deira blod ¬på kleda mine,heile min klednad vart tilsølt.
4. For ein straffedag ¬hadde eg i tankar,mitt utløysingsår var kome.
5. Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte,eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte.Då kom min arm meg til hjelp,min harme stødde meg.
6. Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreideog knuste dei i min harme;deira blod lét eg renna ¬til jorda.»
7. Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningarog lova han for hans storverk,for alt det Herren har gjort ¬mot oss,for alt det godesom han i sin nådeog i si store miskunnhar gjort mot Israels ætt.
8. Han har sagt:«Ja, dei er mitt folk,søner som aldri svik.»Og han vart ein frelsar for dei.
9. I all deira trengslevar det inga trengsle.Hans eigen engel frelste dei.I sin kjærleik og i si ¬medkjensleløyste han dei ut.Han tok dei opp og bar deialle dagar frå gamal tid.
10. Men dei var trassigeog gjorde hans ¬Heilage Ande sorg.Så snudde han om ¬og vart deira fiende,han stridde sjølv imot dei.