1. For Sions skuld ¬vil eg ikkje teia,for Jerusalems skuld ¬vil eg ikkje vera still,før hennar rett ¬strålar fram med glansog hennar frelse ¬som ein brennande fakkel.
2. Då skal folkeslag sjå di rettferdog alle kongar din herlegdom.Du skal få eit nytt namn,som Herren sjølv skal gje deg.
3. Du skal vera ein herleg krans ¬i Herrens hand,ein kongeleg hovudprydnadi handa åt din Gud.
4. Du skal ikkje lenger kallast ¬«Den forlatne»,og ditt land skal ikkje meir ¬heita «Øydemark».Men du skal kallast ¬«Mi kjære»,og landet ditt ¬skal heita «Kone».For Herren skal ha deg kjær,og landet ditt skal takast ¬til ekte.
5. Som ein ungdom gifter seg ¬med ei møy,skal dine søner ta deg til ekte.Og som ein brudgom ¬gleder seg over si brur,skal din Gud gleda seg ¬over deg.
6. På murane dine, Jerusalem,har eg sett vaktmenn.Og dei skal aldri teiaanten dag eller natt.De som prisar Herren,unn dykk ikkje ro!
7. Lat heller ikkje han få rofør han byggjer opp att ¬Jerusalemog gjer byen til ein lovsong ¬på jorda.