1. Herrens Ande ¬er over meg;for Herren Gud har salva meg.Han har sendt meg ¬til å forkynnaein gledebodskap ¬for armingar,til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta,til å ropa ut fridom for fangarog frigjering for dei bundne.
2. Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren,ein dag med straff frå vår Gud.Eg skal trøysta alle som syrgjer,
3. og gje dei syrgjande i Sionhovudprydnad i staden ¬for oske,gledeolje ¬i staden for syrgjekledeog lovsong ¬i staden for motløyse.Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre,som Herren har plantafor å syna sin herlegdom.
4. Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar,reisa det ¬som før vart lagt i øyde,byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar,som låg der aude frå ætt til ætt.
5. Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer,utlendingar skal dyrka ¬dykkar jordog stella dykkar vingardar.
6. Men de skal kallast ¬Herrens prestar,tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk.Rikdomen åt folka ¬skal de nyta,og deira skattar skal de få.
7. De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam. Dei som leid vanære,skal jubla over sin lut.Dobbel arv skal dei få i landet,evig glede skal dei ha.
8. «For eg er Herren, ¬som elskar rettog hatar ran og urett.Trufast vil eg gje dei lønog gjera ei evig pakt med dei.