1. I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet.
2. Serafar stod ikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med to gøymde dei føtene, og med to flaug dei.
3. Dei ropa til kvarandre:«Heilag, heilag, heilag ¬er Herren Sebaot.All jorda er full ¬av hans herlegdom.»
4. Boltane i dørstokkane riste når ropet ljoma, og huset vart fylt med røyk.
5. Då sa eg:«Ve meg! Det er ute med meg.For eg er ein mann ¬med ureine lipper,og eg bur mellom eit folk ¬med ureine lipper,og augo mine har sett Kongen,Herren, Allhærs Gud.»
6. Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret.
7. Med den rørte han ved munnen min og sa:«Sjå, denne har rørt ¬ved lippene dine.Di skuld er borte, ¬di synd er sona.»