Jesaja 59:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Difor er retten unnatrengd,rettferda står langt borte.På torget er sanninga fallen,og det rette vinn ikkje fram.

15. Truskapen er borte,og den som held seg ¬frå vondskap,vert plyndra. Herren såg – og det var vondt ¬i hans augo –at det ikkje var retten ¬som rådde.

16. Han såg at ikkje ein steig fram,og undra seg overat ingen førte hans sak.Då kom hans arm han til hjelp,hans rettferd stødde han.

17. Han tok rettferd på seg ¬til brynjeog sette frelseshjelm ¬på sitt hovud.Så kledde han seg ¬i hemnens klednadog sveipte om seg ¬brennhug til kappe.

18. Han løner folk ¬etter det dei har gjort,med harme mot uvener, ¬hemn over fiendar;jamvel mot øyar og strendergjer han attergjeld.

19. Dei skal ottast Herrens namn ¬i vestog hans herlegdom i aust.For han kjem ¬som ein veldig flaum,som Herrens storm driv fram.

20. Han kjem ¬som utløysar for Sion,for dei som snur om frå synd ¬i Jakob,lyder ordet frå Herren.

21. Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Jesaja 59