1. Sjå, Herrens hand ¬er ikkje så kortat han ikkje kan frelsa,og hans øyra ikkje så ¬tunghøyrtat han ikkje kan høyra.
2. Nei, det er ¬misgjerningane dykkarsom skil mellom dykk ¬og dykkar Gud.Syndene dykkar ¬løyner hans åsyn,så han ikkje høyrer dykk.
3. Hendene dykkar ¬er tilsølte med blodog fingrane flekka med skuld,lippene dykkar talar lygn,og tunga mumlar svik.
4. Ingen stemner til doms ¬med rette,og ingen fører sak på ærleg vis.Dei lit på fåfengd og talar lygn,dei ber på urett ¬og føder vondskap.
5. Dei klekkjer ut orme-eggog vev spindelvev.Den som et deira egg, må døy,og knuser du eit, ¬kjem det fram ein orm.
6. Deira vevnad duger ikkje ¬til klede,ingen kan kle seg ¬med det dei lagar.Det dei gjer, ¬er vondskaps gjerning,valdsverk kjem frå deira ¬hender.