7. På eit høgt og mektig fjellstelte du til di lege.Der steig du oppog bar fram slaktoffer.
8. Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn.Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege,du la deg ned og gjorde plass.Så tinga du med nokre av deisom du elskar å liggja med,og du såg dei nakne.
9. Du drog til Melek med oljeog hadde med deg mykje salve.Du sende dine bodberarar ¬langt av stad,lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10. Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring,men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.»Du samla nye krefter,difor gav du ikkje opp.
11. Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.
12. Eg vil fortelja om di rettferdog om dine gjerningar;dei gagnar deg ikkje.