2. dei som ferdast i fred.No kviler dei i sine graver,dei som gjekk den rette vegen.
3. Men kom hit, ¬de trollkvinnesøner,du ætt av horkar og skjøkje!
4. Kven har de til låtteløye?Kven geipar de til ¬og retter tunge mot?Er det ikkje synda ¬som driv dykk,er ikkje de ei lygnar-ætt?
5. De brenn av lyst ¬mellom eiketreaog under kvart lauvrikt tre,de slaktar born i dalane,i skorter og skar.
6. Dei håle steinane nede i dalener den lut du har valt.Du renner ut drikkoffer for deiog ber fram offergåver.Skulle eg finna meg i det?
7. På eit høgt og mektig fjellstelte du til di lege.Der steig du oppog bar fram slaktoffer.
8. Bak dør og dørkarm ¬sette du ditt teikn.Du gjekk bort frå meg ¬og reidde di lege,du la deg ned og gjorde plass.Så tinga du med nokre av deisom du elskar å liggja med,og du såg dei nakne.
9. Du drog til Melek med oljeog hadde med deg mykje salve.Du sende dine bodberarar ¬langt av stad,lét dei fara heilt ned ¬i dødsriket.
10. Du vart nok trøytt ¬av å fara ikring,men sa ikkje: ¬«Det er nyttelaust.»Du samla nye krefter,difor gav du ikkje opp.
11. Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.
12. Eg vil fortelja om di rettferdog om dine gjerningar;dei gagnar deg ikkje.
13. Lat dine avgudar berga degnår du skrik!Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp,ein vind skal føykja dei bort.Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landetog ta mitt heilage fjell i eige.
14. Det lydde eit ord:Bygg, ja bygg og ryd ein veg!Ta bort kvar støytesteinfrå vegen åt mitt folk!