15. Så seier han ¬som er høgt opphøgd,han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage:I det høge og heilage bur egog hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda.Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygdeog hjarta til liv hjå dei knuste.
16. For eg vil ikkje evig ¬føra klagemålog ikkje alltid vera harm.Elles kom deira åndtil å missa si kraft for mitt åsyn,deira livsande ¬som eg har skapt.
17. Fordi Israel ¬hadde slik syndig lyst,vart eg harm og slo dei;så løynde eg meg i min vreide.Men dei vende seg bortog valde ein veg ¬etter eigen hug.
18. Eg såg dei vegar dei gjekk,men no vil eg lækja og leia deiog gje dei ei rikeleg trøyst.Og dei som syrgde over dei,
19. på deira lipper legg eg lovsong.Så gjev eg fred ¬til den som er nær,og fred ¬til den som er langt borte.Eg vil lækja dei, seier Herren.
20. Men dei gudlause ¬er som det bårande havet;det kan aldri falla til ro,og bylgjene rotar opp ¬gjørme og skit.
21. Dei gudlause har ingen fred,seier Herren.