Jesaja 57:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Kven var du så redd ¬og skjelven for,sidan du fór med lygn?Du kom ikkje lenger meg i hugog brydde deg ikkje om meg.Fordi eg tagde i lange tider,hadde du ikkje age for meg.

12. Eg vil fortelja om di rettferdog om dine gjerningar;dei gagnar deg ikkje.

13. Lat dine avgudar berga degnår du skrik!Ein storm ¬skal lyfta dei alle opp,ein vind skal føykja dei bort.Men dei som flyr til meg, ¬skal arva landetog ta mitt heilage fjell i eige.

14. Det lydde eit ord:Bygg, ja bygg og ryd ein veg!Ta bort kvar støytesteinfrå vegen åt mitt folk!

15. Så seier han ¬som er høgt opphøgd,han som tronar evig ¬og heiter Den Heilage:I det høge og heilage bur egog hjå den som er knust ¬og nedbøygd i ånda.Eg vekkjer ånda til liv ¬hjå dei bøygdeog hjarta til liv hjå dei knuste.

Jesaja 57