Jesaja 56:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. For så seier Herren:Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar,som vel å gjera det eg vil,og held fast ved mi pakt,

5. dei gjev eg ¬minnesmerke og namni mitt hus ¬og innan mine murar.Eg gjev dei det som betre erenn søner og døtrer: ¬eit evig namn,som aldri skal rydjast ut.

6. Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren,som vil tena Herren ¬og elska hans namnog vera hans tenarar,alle som held sabbatenog ikkje vanhelgar han,men held fast ved mi pakt,

7. dei fører eg til mitt heilage fjellog lèt dei gleda seg ¬i mitt bønehus.Deira brennoffer og slaktofferskal vera til hugnad ¬på mitt altar.For mitt hus skal kallasteit bønehus for alle folk.

8. Ja, så lyder ordet ¬frå Herren vår Gud,som samlar dei bortdrivne ¬av Israel:Endå fleire vil eg samlaenn dei som alt er komne.

9. Kom, alle dyr i marka,kom og et, alle dyr i skogen!

10. Israels vaktmenn er alle blinde,dei merkar ingen ting.Alle er dei mållause hundar,som ikkje kan gøy.Dei ligg og drøymerog likar å sova.

11. Men grådige hundar er dei,aldri vert dei mette.Og slike folk ¬skal vera hyrdingar,dei som ikkje veit å passa på!Dei vender seg alle ¬sin eigen veg,kvar til si eiga vinning.

12. «Kom, eg skal henta vin,så vi kan drikka oss fulle!Og morgondagen ¬skal verta som denne,ein stor og herleg dag.»

Jesaja 56