Jesaja 56:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så seier Herren:Hald lov og rett,og gjer det som rett er!For mi frelse er nær, ho kjem,og mi rettferd skal syna seg.

2. Sæl er den som gjer det eg vil,kvart menneske ¬som held fast ved det,så han held sabbatenog ikkje vanhelgar han,og vaktar si hand,så han ikkje gjer vondt.

3. Den framande ¬som har slutta seg til Herren,må ikkje seia:«Herren vil skilja meg ut ¬frå sitt folk.»Og den som er gjeld, ¬må ikkje seia:«Eg er berre eit turt tre.»

4. For så seier Herren:Dei gjeldingar ¬som held mine sabbatar,som vel å gjera det eg vil,og held fast ved mi pakt,

5. dei gjev eg ¬minnesmerke og namni mitt hus ¬og innan mine murar.Eg gjev dei det som betre erenn søner og døtrer: ¬eit evig namn,som aldri skal rydjast ut.

6. Og dei framande ¬som har slutta seg til Herren,som vil tena Herren ¬og elska hans namnog vera hans tenarar,alle som held sabbatenog ikkje vanhelgar han,men held fast ved mi pakt,

Jesaja 56