4. Han sette eg til eit vitne ¬for folk,til hovding og fyrste ¬for folkeslag.
5. Ja, du skal kalla på folk ¬du ikkje kjenner,og folk som ikkje kjenner deg,skal skunda seg til deg;for Israels Heilage, ¬Herren din Gud,har gjeve deg ære og ¬herlegdom.
6. Søk Herren ¬medan han er å finna,kall på han ¬den stund han er nær!
7. Den gudlause må venda seg ¬frå sin vegog ugjerningsmannen ¬frå sine tankarog snu om til Herren,så skal han visa miskunn,til vår Gud,for han er rik på tilgjeving.
8. For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar,og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren.
9. Nei, så høg som himmelen ¬er over jorda,så er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegarog mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar.
10. Liksom regnet og snøenfell ifrå himmelenog ikkje fer opp att dit,før dei har vatna jordaog gjeve henne grorkraft ¬og grøde,ja, gjeve såkorn ¬til den som skal så,og brød til den som skal eta,
11. så er det òg med mitt ord,det som går ut or min munn.Det vender ikkje tomt tilbake ¬til meg,men gjer det eg vil,og fullfører det eg sender ¬det til.
12. Ja, med glede skal de dra utog førast lukkeleg fram.Fjell og haugarskal møta dykk med jubelrop,og alle tre på markaskal klappa i hendene.
13. I staden for klungerskal det veksa sypressar,og myrt i staden for nesler.Det skal vera til ære for Herren,eit evig teiknsom aldri skal strykast ut.