1. Å, alle de tyrste, ¬kom og få vatn!Og de som ikkje har pengar, ¬kom!Kjøp korn og et!Ja, kom og kjøp utan pengarog utan betaling vin og mjølk!
2. Kvi gjev de ut pengarfor det som ikkje er brød,og dykkar arbeidslønfor det som ikkje kan metta?Å, høyr på meg!Så skal de få eta ¬det som godt er,og gleda dykk over feite retter!
3. Vend øyra hit og kom til meg,høyr, så skal de få leva!Så gjer eg med dykk ei ¬evig paktog syner dykk trufast ¬mi miskunn,så som eg gjorde mot David.
4. Han sette eg til eit vitne ¬for folk,til hovding og fyrste ¬for folkeslag.
5. Ja, du skal kalla på folk ¬du ikkje kjenner,og folk som ikkje kjenner deg,skal skunda seg til deg;for Israels Heilage, ¬Herren din Gud,har gjeve deg ære og ¬herlegdom.
6. Søk Herren ¬medan han er å finna,kall på han ¬den stund han er nær!
7. Den gudlause må venda seg ¬frå sin vegog ugjerningsmannen ¬frå sine tankarog snu om til Herren,så skal han visa miskunn,til vår Gud,for han er rik på tilgjeving.
8. For mine tankar ¬er ikkje dykkar tankar,og dykkar vegar er ikkje ¬mine vegar, seier Herren.
9. Nei, så høg som himmelen ¬er over jorda,så er mine vegar ¬høgare enn dykkar vegarog mine tankar ¬høgare enn dykkar tankar.