Jesaja 54:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Rop av glede, ¬du barnlause,du som ikkje fødde!Set i med fagnadrop og jubla,du som ikkje hadde rier!For den einslege kvinna ¬har fleire bornenn ho som har mann, ¬seier Herren.

2. Gjer større rom for teltet ditt,spenn ut dine teltdukar, ¬spar ikkje på dei,gjer snorene lange, ¬slå pluggane fast!

3. For til høgre og venstre ¬skal du breia deg ut.Di ætt skal driva ut folkeslagog bu i byar som låg aude.

4. Ver ikkje redd,du skal ikkje verta til skammar!Ver ikkje skamfull,du skal ikkje verta vanæra!No kan du gløyma ¬din ungdoms skamog ikkje meir minnast ¬din enkjestands vanære.

5. For han som skapte deg, ¬er din mann,Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn;Israels Heilage er din utløysar,han som heiter Gud ¬for all jorda.

6. Som ei bortstøytt ¬og sorgfull kvinnekallar Herren deg attende.Kan ein vel vraka, ¬seier din Gud,ho som var kone ¬heilt frå sin ungdom?

7. Ei lita stund gjekk eg frå deg,men i mi store miskunnvil eg føra deg heim att.

8. Då vreiden steig opp i meg,løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink.Men med evig nådevil eg miskunna deg,seier Herren, din utløysar.

9. For meg er dette ¬som i Noahs dagar,den gongen eg svor ¬at Noah-flaumenaldri meir skulle koma ¬over jorda.På same måten sver eg noat eg aldri meirskal harmast på deg ¬og refsa deg.

10. For om fjella vik ¬og haugane vert rikka,skal min nåde ikkje vika ¬frå deg,og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast,seier Herren, ¬som miskunnar deg.

11. Du arme stormdrivne,som ikkje finn trøyst!Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisarog byggjer din grunnmur ¬med safirar.

12. Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar,dine portar av krystallarog heile din ringmur ¬av dyre steinar.

13. Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren,og stor er freden for dine søner.

14. Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd.Ver trygg for trengsle– du har ingenting å ottast,og for redsle– ho skal ikkje nå deg.

Jesaja 54