Jesaja 53:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kven truddedet bodet vi høyrde,og kven fekk sjå Herrens makt?

2. Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn,som ein renning or turr jord.Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje,det var ingen hugnad å sjå han.

3. Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna,ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom,ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på;vi rekna han for inkje.

4. Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg,og våre pinsler bar han.Vi trudde han var heimsøkt,slegen av Gud og ille plaga.

5. Men han vart såra for våre brotog sundbroten for våre synder.Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred,og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.

6. Vi fór alle vilt som sauer,vi vende oss kvar til sin veg.Men Herren lét råka handet vi alle var skuld i.

7. Ille medfaren vart han,men bar det audmjukt;han lét ikkje opp sin munn,som lammet dei fører ¬til slakting,og sauen som teier ¬når han vert klypt;han lét ikkje opp sin munn.

8. Gjennom trengsle og dom ¬vart han teken bort.Men kven i hans samtid ¬vørde vel det?Bortriven vart han ¬or levandelandet,for sitt folks brot laut han døy.

Jesaja 53