1. Kven truddedet bodet vi høyrde,og kven fekk sjå Herrens makt?
2. Han rann som ein kvist ¬for Guds åsyn,som ein renning or turr jord.Nokon herleg skapnad ¬hadde han ikkje,det var ingen hugnad å sjå han.
3. Vanvørd var han, ¬folk heldt seg unna,ein mann i pinsler, ¬velkjend med sjukdom,ein svivørd mann ¬som ingen ville sjå på;vi rekna han for inkje.
4. Sanneleg, våre sjukdomar ¬tok han på seg,og våre pinsler bar han.Vi trudde han var heimsøkt,slegen av Gud og ille plaga.
5. Men han vart såra for våre brotog sundbroten for våre synder.Straffa låg på han, ¬så vi skulle ha fred,og ved hans sår ¬har vi fått lækjedom.
6. Vi fór alle vilt som sauer,vi vende oss kvar til sin veg.Men Herren lét råka handet vi alle var skuld i.