Jesaja 52:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Vakna, vakna,kled deg i styrke, Sion!Ta på deg ditt høgtidsskrud,Jerusalem, du heilage by!For aldri meir ¬skal det koma inn i degein uomskoren eller urein.

2. Rist av deg støvet og reis deg,set deg på trona, Jerusalem!Løys lekkjene du har ¬om halsen,du hærtekne Sion-dotter!

3. Så seier Herren:For inkje vart de selde,og utan pengar ¬skal de løysast ut.

4. For så seier Herren din Gud:I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egyptog heldt til der.Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur.

5. Og no, lyder ordet frå Herren,kva skal eg gjera hernår folket mitt er bortført ¬utan vederlag?Valdsherrane hyler, ¬seier Herren,og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta.

6. Difor skal folket mittlæra mitt namn å kjenna,ja, den dagen skal dei skjønaat det er eg som seier: ¬«Her er eg!»

7. Kor fagert det ernår han som ber gledebod,kjem springande over fjell,melder fred ¬og ber god bodskap,forkynner frelse ¬og seier til Sion:«Din Gud er konge!»

8. Høyr, dine vaktmenn ropar,dei jublar alle i hop.For med eigne augo ser deiat Herren kjem heim att ¬til Sion.

9. Set i med jubelrop,de aude tufter i Jerusalem!For Herren trøystar sitt folkog løyser ut Jerusalem.

10. Herren syner sin heilage armfor augo på alle folkeslag.Heile den vide jord får sjåfrelsa frå vår Gud.

Jesaja 52