Jesaja 51:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Lyft augo mot himmelen,og sjå på jorda her nede!For himmelen ¬skal kverva som røyk,jorda skal slitast ut ¬som ein kledning,og dei som bur der, ¬skal døy som mygg.Men mi frelse skal vara evig,mi rettferd skal aldri få ende.

7. Høyr på meg,de som kjenner rettferd,du folk som har mi lov i hjarta!Ottast ikkje ¬når menneske spottar,reddast ikkje når dei hånar!

8. For dei skal verta ¬som mòletne klede,lik ullty som åt har øydt.Men mi rettferd skal vara evig,mi frelse frå ætt til ætt.

9. Vakna, vakna, du Herrens arm,og kled deg i styrke!Vakna som i gamle dagar,som i framfarne tider!Var det ikkje du ¬som felte Rahabog gjennombora draken?

10. Var det ikkje du ¬som turrla sjøen,som turka ut vatnet ¬i det store djupog gjorde havbotnen til veg,så det frelste folket ¬kunne fara der?

11. Herrens utløyste ¬skal venda heim att.Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,med evig glede om si panne.Fryd og glede skal møta dei,sorg og sukk må røma.

Jesaja 51