Jesaja 51:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Eg er Herren din Gud,som rører opp havet, ¬så bårene brusar.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

16. Eg har lagt mine ord ¬i din munnog gøymt deg i skuggen ¬av mi hand.Eg som spente ut himmelenog grunnfeste jorda,seier til Sion: «Du er mitt folk.»

17. Vakna, vaknaog reis deg, Jerusalem,du som laut drikkadet vreidestaupetsom du fekk av Herrens hand,og tøma til botnarden skåla som gjorde deg ør!

18. Det var ingen som ¬leidde henne,av alle dei søner ho fekk,ingen tok henne i handa,av alle dei born ho fostra.

19. Ulukker råka deg, to og to– kven viste medkjensle ¬med deg? –vald og våde, svolt og sverd– kven trøysta deg?

20. Maktlause låg dine sønerpå alle gatehjørne,som ein antilope i garnet,metta av Herrens ¬brennande vreide,av trugsmålet frå din Gud.

21. Så høyr då dette, du arming,du som er drukken, ¬om ikkje av vin!

22. Så seier Herren, ¬din Herre og Gud,som strider for sitt folk:Sjå, no tek eg ut or di handden skåla som gjorde deg ør;aldri meir skal du tøma ¬mitt vreidestaup.

23. Eg retter det til dei ¬som plaga deg,til dei som sa: «Legg deg ned,så vi kan få trø på deg!»Og du laut gjera din rygg ¬lik flate marka,lik ein veg for ferdafolk.

Jesaja 51