1. Høyr på meg,de som jagar ¬etter rettferd,de som søkjer Herren!Sjå på det fjellet ¬de er hogne utor,det steinbrotet de er tekne frå!
2. Sjå på Abraham, far dykkar,og på Sara, som fødde dykk!Han var berre éin ¬då eg kalla han,men eg velsigna hanog gav han ei talrik ætt.
3. Ja, Herren skal trøysta Sion,trøysta alle hennar aude tufter.Han gjer hennar øydemark ¬lik Eden,hennar aude hei ¬lik Herrens hage.Der skal fryd og glede råda,der skal takkesong ¬og jubeltonar lyda.
4. Høyr på meg, mitt folk,vend øyra til, mi folkeætt!For lov går ut frå meg,eg set min rett til ljos for folka.
5. Mi rettferd er nær,mi frelse er i kjømda,mine armar skal hjelpa folka ¬til deira rett.Øyar og strender ventar ¬på meg,dei biar på min sterke arm.
6. Lyft augo mot himmelen,og sjå på jorda her nede!For himmelen ¬skal kverva som røyk,jorda skal slitast ut ¬som ein kledning,og dei som bur der, ¬skal døy som mygg.Men mi frelse skal vara evig,mi rettferd skal aldri få ende.
7. Høyr på meg,de som kjenner rettferd,du folk som har mi lov i hjarta!Ottast ikkje ¬når menneske spottar,reddast ikkje når dei hånar!