Jesaja 50:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så seier Herren:Kvar er det ¬skilsmålsbrevetsom eg har sendt mor dykkar ¬bort med?Eller kven hadde krav på meg,så eg laut selja dykk til han?Nei, de vart selde ¬fordi de synda,og mor dykkar vart bortsend ¬fordi de sveik meg.

2. Kvifor fann eg ingen då ¬eg kom,kvifor fekk eg ikkje svar ¬då eg ropa?Er mi hand for kort til å frelsa,har eg ikkje kraft til å berga?Med eit trugande ord ¬legg eg sjøen turrog gjer elvar til øydemark,så fisken døyr av torsteog ligg og rotnar ¬fordi vatnet er borte.

3. Eg kler himmelen i svartog sveiper han i syrgjebunad.

4. Herren min Gud har gjeve megei læresveins-tunge,så eg med mitt ord ¬kan styrkja den trøytte.Kvar morgon ¬vekkjer han mitt øyra,så eg kan høyra ¬på læresveins vis.

Jesaja 50