25. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans.Han retter ut handa og slår det,så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.
26. Han reiser eit hærmerkefor eit folk langt borteog plystrar det hit ¬frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett.
27. Det finst ingen dersom er trøytt eller snåvar,ingen som blundar, ¬og ingen som søv.Beltet om livet losnar ikkje,og inga skoreim slitnar.
28. Pilene deira er kvasse,og bogane deira er alle spente,hestehovane er som flintog vognhjula ¬som ein kvervelvind.
29. Dei brøler som løver,brøler som unge løver.Knurrande grip dei sitt rovog ber det bort– det er ingen som bergar.
30. Den dagen skal det dura ¬over folket,som når havet durar.Ser ein ut over jorda,er det trengsle og mørker.Ljoset kverv under tunge ¬skyer.