Jesaja 5:17-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Der skal lamma beita ¬som i ei utmark,gjøfe og geiter skal gå og gnagapå dei aude tufter.

18. Ve dei som dreg skulda til segmed vondskaps sterke togog slepar på synd ¬som med vognreip!

19. Dei seier: «Lat han skunda seg ¬og gjera sitt verkså fort at vi kan få sjå det!Lat det henda,det Israels Heilage har fastsett,lat det koma,så vi får oppleva det!»

20. Ve dei ¬som kallar det vonde godtog det gode vondt,dei som gjer mørker til ljos ¬og ljos til mørker,beiskt til søtt og søtt til beiskt!

21. Ve dei som er vise ¬i eigne augoog kloke i eigne tankar!

22. Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin,og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,

23. som frikjenner den skuldige ¬for pengarog ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!

24. Difor, liksom eld øyder halm,og høy sig saman i logen,så skal rota deira rotnaog blomen føykjast bort ¬som støv.For dei har vraka lov og lærefrå Herren, Allhærs Gud,og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage.

25. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans.Han retter ut handa og slår det,så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

26. Han reiser eit hærmerkefor eit folk langt borteog plystrar det hit ¬frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett.

27. Det finst ingen dersom er trøytt eller snåvar,ingen som blundar, ¬og ingen som søv.Beltet om livet losnar ikkje,og inga skoreim slitnar.

28. Pilene deira er kvasse,og bogane deira er alle spente,hestehovane er som flintog vognhjula ¬som ein kvervelvind.

29. Dei brøler som løver,brøler som unge løver.Knurrande grip dei sitt rovog ber det bort– det er ingen som bergar.

30. Den dagen skal det dura ¬over folket,som når havet durar.Ser ein ut over jorda,er det trengsle og mørker.Ljoset kverv under tunge ¬skyer.

Jesaja 5