12. Dei held gilde ¬med lyre og harpe,tromme og fløyte – og vin.Men Herrens gjerning ¬ansar dei ikkje,dei har ikkje syn for det ¬hans hender har gjort.
13. Difor skal folket mitt ¬førast bortfør dei veit av det.Stormennene skal forgå ¬av svoltog den ståkande hopen ¬brenna av torste.
14. Difor opnar dødsriket sitt svelgog spilar opp sit gap umåteleg;ned fer stormenn og folkehop,den ståkande, lystige flokken.
15. Då skal mennesket bøyastog mannen audmykjast,dei stolte må slå sine augo ned.
16. Men Herren, Allhærs Gud,er høg når han held dom,den heilage Gudsyner seg heilag ved rettferd.
17. Der skal lamma beita ¬som i ei utmark,gjøfe og geiter skal gå og gnagapå dei aude tufter.
18. Ve dei som dreg skulda til segmed vondskaps sterke togog slepar på synd ¬som med vognreip!
19. Dei seier: «Lat han skunda seg ¬og gjera sitt verkså fort at vi kan få sjå det!Lat det henda,det Israels Heilage har fastsett,lat det koma,så vi får oppleva det!»
20. Ve dei ¬som kallar det vonde godtog det gode vondt,dei som gjer mørker til ljos ¬og ljos til mørker,beiskt til søtt og søtt til beiskt!
21. Ve dei som er vise ¬i eigne augoog kloke i eigne tankar!
22. Ve dei som er heltar ¬– til å drikka vin,og djerve karar ¬– til å blanda sterk drikk,
23. som frikjenner den skuldige ¬for pengarog ikkje lèt den skuldlause ¬få sin rett!
24. Difor, liksom eld øyder halm,og høy sig saman i logen,så skal rota deira rotnaog blomen føykjast bort ¬som støv.For dei har vraka lov og lærefrå Herren, Allhærs Gud,og vanvørdt ordet ¬frå Israels Heilage.
25. Difor logar Herrens vreide ¬mot folket hans.Han retter ut handa og slår det,så fjella skjelv, ¬og lika ligg som avfall i gata.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.
26. Han reiser eit hærmerkefor eit folk langt borteog plystrar det hit ¬frå enden av jorda.Og sjå, der kjem dei, ¬snøgt og lett.