Jesaja 49:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så seier Herren:I nådens tid bønhøyrer eg deg,på frelsesdagen hjelper eg deg.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket.Du skal atterreisa landetog skifta ut odelsgrunnsom ligg aud og snau,

9. og seia til fangane: «Gå ut!»til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!» Langs vegane skal dei finna matog beite på alle snaue høgder.

10. Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta,korkje sol eller hete ¬skal skada dei.For han som miskunnar dei,skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder.

11. Eg gjer alle fjell til farande veg,mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare.

12. Sjå, langt bortanfrå kjem dei,somme frå nord ¬og somme frå vestog somme frå Sinim-landet.

Jesaja 49