6. «det er for lite ¬at du er min tenarsom skal reisa opp att ¬Jakobs ætterog føra heim att ¬den frelste flokken av Israel.Eg vil gjera deg ¬til eit ljos for folkeslag,så mi frelse kan nå ¬til heimsens ende.»
7. Så seier Herren,Israels utløysar, ¬Israels Heilage,til han ¬som alle vanvørder og skyr,til han som er træl ¬under valdsherrar: Kongar skal sjå det ¬og reisa seg,fyrstar skal kasta seg ned,for Herrens skuld, ¬han som er trufast,for Israels Heilage, ¬som valde deg ut.
8. Så seier Herren:I nådens tid bønhøyrer eg deg,på frelsesdagen hjelper eg deg.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket.Du skal atterreisa landetog skifta ut odelsgrunnsom ligg aud og snau,
9. og seia til fangane: «Gå ut!»til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!» Langs vegane skal dei finna matog beite på alle snaue høgder.
10. Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta,korkje sol eller hete ¬skal skada dei.For han som miskunnar dei,skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder.
11. Eg gjer alle fjell til farande veg,mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare.
12. Sjå, langt bortanfrå kjem dei,somme frå nord ¬og somme frå vestog somme frå Sinim-landet.