Jesaja 49:18-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren,du skal ta dei på deg ¬som eit smykke,og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.

19. No vert det for trongt for deg,det aude og snaue ¬og øydelagde landet.Og borte er dei ¬som ville tyna deg.

20. Dei born du fekk ¬då du var barnlaus,skal endå ein gong seia til deg:«Denne staden er meg ¬for trong.Flytt deg, så eg kan få bu her!»

21. Då skal du tenkja med deg:«Kven har født meg desse?Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda,landlyst og bortdriven.Kven har fostra desse?Eg sat einsam att.Kvar kjem desse frå?»

22. Så seier Herren vår Gud:Sjå, eg lyfter mi hand ¬til teikn for folkeslagog reiser mitt merke for folka.Så kjem dei med sønene dine ¬i armen,og døtrene dine ber dei ¬på aksla.

23. Kongar skal vera fosterfedrar ¬for degog deira dronningar ¬barnfostrer.Dei skal kasta seg til jorda ¬for degog slikka støvet for dine føter.Då skal du skjøna ¬at eg er Herren,og at dei som set si von til meg,ikkje skal verta til skammar.

24. Kan nokon ta hærfang ¬frå ein krigar,kan fangar sleppa frå ¬ein valdsmann?

25. Ja, så seier Herren:Fangar skal takast ¬frå krigaren,og hærfang skal bergast ¬frå valdsmannen.Eg vil strida mot dei ¬som strider mot deg,og borna dine vil eg frelsa.

26. Eg lèt dei som trælka deg,eta sitt eige kjøtog drikka sitt blod ¬som druesaft.Og alle menneske skal skjønaat eg er Herren, din frelsar,Jakobs Veldige, din utløysar.

Jesaja 49