15. Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt,har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde?Og om ei mor kan gløyma,så gløymer ikkje eg deg.
16. Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender,dine murar har eg ¬alltid for auga.
17. Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit,og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde,fer bort ifrå deg.
18. Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren,du skal ta dei på deg ¬som eit smykke,og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.
19. No vert det for trongt for deg,det aude og snaue ¬og øydelagde landet.Og borte er dei ¬som ville tyna deg.