Jesaja 49:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men Sion seier:«Herren har forlate meg,min Gud har gløymt meg.»

15. Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt,har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde?Og om ei mor kan gløyma,så gløymer ikkje eg deg.

16. Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender,dine murar har eg ¬alltid for auga.

17. Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit,og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde,fer bort ifrå deg.

18. Lyft augo og sjå deg ikring!Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren,du skal ta dei på deg ¬som eit smykke,og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.

19. No vert det for trongt for deg,det aude og snaue ¬og øydelagde landet.Og borte er dei ¬som ville tyna deg.

20. Dei born du fekk ¬då du var barnlaus,skal endå ein gong seia til deg:«Denne staden er meg ¬for trong.Flytt deg, så eg kan få bu her!»

21. Då skal du tenkja med deg:«Kven har født meg desse?Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda,landlyst og bortdriven.Kven har fostra desse?Eg sat einsam att.Kvar kjem desse frå?»

Jesaja 49