Jesaja 48:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Det som har hendt, ¬har eg kunngjort føreåt,or min munn gjekk det ut, ¬eg forkynte det;brått greip eg inn, ¬og det skjedde.

4. Eg visste at du er strid,at nakken din er ei jernsenog panna di som bronse.

5. Så kunngjorde eg det føreåt,lét deg vita det før det hende,så du ikkje skulle seia:«Dette har mitt ¬gudebilete gjort,min gud av tre og metall ¬har laga det så.»

6. Du har høyrt og sett det alt.Må de ikkje sanna det?Men no forkynner eg ¬noko nytt,dulde ting som du ikkje ¬veit om.

7. No vert det skapt og ikkje før,du har ikkje høyrt om det ¬før i dag,så du ikkje skulle seia:«Det visste eg!»

8. Du har korkje høyrt ¬eller visst det,eller før fått øyra opp for det.Eg visste då vel ¬kor trulaus du er,frå mors liv ¬har du heitt ein svikar.

9. For mitt namn skuld ¬døyver eg min harme,for mi ære skuld tøymer ¬eg megog rydjar deg ikkje ut.

10. Eg har reinsa deg, ¬men ikkje som sølv,eg har prøvt deg ¬i lidingsomnen.

11. For mi eiga skuld ¬grip eg no inn.Kor ville eg elles verta vanæra!Mi ære gjev eg ingen annan.

12. Høyr på meg, Jakob,du Israel, som eg har kalla!Eg er den same, eg er den fyrste,og eg er den siste òg.

13. Ja, mi hand har ¬grunnfest jorda,mi høgre hand ¬breidde himmelen ut.Eg kalla dei fram,og dei stod der begge.

14. Kom saman, alle, og høyr!Kven av dykk ¬har kunngjort dette?Han som Herren elskar,skal fullføra hans vilje ¬mot Babelog syna hans makt ¬mot kaldearfolket.

15. Eg har tala, og eg har kalla han,eg har sendt han ¬og lèt ferda hans lukkast.

Jesaja 48