17. Så seier Herren, din utløysar,Israels Heilage:Eg er Herren din Gud,som lærer deg det som gagnar,og fører deg ¬den vegen du skal gå.
18. Å, ville du lyda på mine bod!Då vart din fred som elva,di rettferd ¬som havsens bylgjer.
19. Då vart di ætt så tallaus ¬som sanden,dine etterkomarar ¬som sandkorna;deira namn vart aldri strokeog ikkje sletta hjå meg.
20. Dra ut or Babylon, ¬bort frå Kaldea!Forkynn det med jubel, ¬rop det ut,lat det nå til heimsens ende:Herren har løyst ut Jakob, ¬sin tenar.
21. Dei tyrstar ikkjenår han fører dei i øydemarka,vatn or berget ¬lèt han sildra åt dei;han kløyver fjell, ¬og vatnet renn.
22. Dei gudlause har ingen fred, ¬seier Herren.