Jesaja 48:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Ja, mi hand har ¬grunnfest jorda,mi høgre hand ¬breidde himmelen ut.Eg kalla dei fram,og dei stod der begge.

14. Kom saman, alle, og høyr!Kven av dykk ¬har kunngjort dette?Han som Herren elskar,skal fullføra hans vilje ¬mot Babelog syna hans makt ¬mot kaldearfolket.

15. Eg har tala, og eg har kalla han,eg har sendt han ¬og lèt ferda hans lukkast.

16. Kom hit til meg og høyr dette:Frå fyrste stund tala eg ope,og så snart det hende, ¬var eg der.«No har Herren vår Gudsendt meg og sin Ande.»

17. Så seier Herren, din utløysar,Israels Heilage:Eg er Herren din Gud,som lærer deg det som gagnar,og fører deg ¬den vegen du skal gå.

18. Å, ville du lyda på mine bod!Då vart din fred som elva,di rettferd ¬som havsens bylgjer.

19. Då vart di ætt så tallaus ¬som sanden,dine etterkomarar ¬som sandkorna;deira namn vart aldri strokeog ikkje sletta hjå meg.

20. Dra ut or Babylon, ¬bort frå Kaldea!Forkynn det med jubel, ¬rop det ut,lat det nå til heimsens ende:Herren har løyst ut Jakob, ¬sin tenar.

21. Dei tyrstar ikkjenår han fører dei i øydemarka,vatn or berget ¬lèt han sildra åt dei;han kløyver fjell, ¬og vatnet renn.

22. Dei gudlause har ingen fred, ¬seier Herren.

Jesaja 48