1. Høyr dette, ¬du Jakobs ætt,de som ber Israels-namnetog har runne or Judas kjelde,de som sver ved Herrens namnog prisar Israels Gud,men ikkje i sanning ¬og rettferd!
2. Dei kallar seg ¬etter den heilage byenog stør seg til Israels Gud.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.
3. Det som har hendt, ¬har eg kunngjort føreåt,or min munn gjekk det ut, ¬eg forkynte det;brått greip eg inn, ¬og det skjedde.
4. Eg visste at du er strid,at nakken din er ei jernsenog panna di som bronse.
5. Så kunngjorde eg det føreåt,lét deg vita det før det hende,så du ikkje skulle seia:«Dette har mitt ¬gudebilete gjort,min gud av tre og metall ¬har laga det så.»
6. Du har høyrt og sett det alt.Må de ikkje sanna det?Men no forkynner eg ¬noko nytt,dulde ting som du ikkje ¬veit om.
7. No vert det skapt og ikkje før,du har ikkje høyrt om det ¬før i dag,så du ikkje skulle seia:«Det visste eg!»