Jesaja 46:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Alt til dykkar alderdom ¬er eg den same,til de grånar i håret, ¬skal eg bera dykk.Det har eg gjort, ¬og det skal eg gjera,ja, eg skal bera og berga dykk.

5. Kven vil de setja opp mot megog likna meg med?Kven vil de halda ¬for jamliken min?

6. Somme auser ut gull or pungenog veg opp sølv på vekt.Dei leiger ein gullsmed ¬som lagar ein gud;så bøyer dei seg ned ¬og tilbed han.

7. Dei tek han på aksla, ¬ber han bortog set han på plass.Så står han derog rører seg ikkje av flekken.Ropar dei til han, ¬svarar han ikkje,han bergar dei ikkje or naud.

8. Tenk på dette og ver faste,ta det til hjarta, de svikarar!

Jesaja 46