Jesaja 45:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Så seier Herren, Israels ¬Heilage,han som skaper dei ting ¬som kjem:Kvi spør de meg ¬om mine søner,kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?

12. Det var eg som laga jordaog skapte menneske der.Eg spente ut himmelen ¬med mine hender,og heile hans hær baud eg ut.

13. I rettferd har eg vekt ein mannog jamna alle hans vegar.Han skal byggja min byog senda heim ¬mitt bortførte folkutan vederlag, utan betaling,seier Herren, Allhærs Gud.

14. Så seier Herren:Du skal få all den rikdomsom egyptarane har samla ¬med sitt strevog nubiarane med sin handel.Og røslege karar frå Sebaskal koma og høyra deg til.Deg skal dei fylgja,og i lekkjer skal dei gå.For deg skal dei kasta seg ned,til deg skal dei fagnande seia:«Berre hjå deg er Gud;og det finst ingen annan,ingen annan Gud.»

15. Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg,du Israels Gud og frelsar.

16. Til spott og skam skal dei verta,alle som lagar gudebilete;med vanære skal dei gå bort.

17. Men Israel finn frelse ¬hjå Herren;ei evig frelse skal det vera.De skal aldri verta ¬til spott og skam.

18. Ja, så seier Herren,som skapte himmelen,han, den einaste Gud,som laga og forma jordaog gjorde hennar ¬grunnvollar faste,som ikkje skapte henne ¬til ei audn,men laga henne til bustad ¬for folk:Eg er Herren, og ingen annan.

19. Eg har ikkje tala i det dulde,ein stad i det mørke land.Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:«Søk meg i det aude og tome!»Eg, Herren, talar sanningog forkynner det som er rett.

20. Samla dykk og kom,stig fram i lag,de som har sloppe ¬unna folkeslaga!Dei skjønar ingenting,dei som ber sine gudebilete ¬av treog bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa.

21. Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak,ja, berre rådlegg saman!Kven har kunngjort ¬dette føreåtog forkynt det for lenge sidan?Er det ikkje eg, Herren?Utan meg er det ingen Gud;det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud.

22. Vend deg til meg og få frelse,heile du vide jord!For eg er Gud, og ingen annan.

Jesaja 45