10. Ve den som seier til ein far:«Kva er det du avlar?»og til ei kvinne:«Kva er det du føder?»
11. Så seier Herren, Israels ¬Heilage,han som skaper dei ting ¬som kjem:Kvi spør de meg ¬om mine søner,kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?
12. Det var eg som laga jordaog skapte menneske der.Eg spente ut himmelen ¬med mine hender,og heile hans hær baud eg ut.
13. I rettferd har eg vekt ein mannog jamna alle hans vegar.Han skal byggja min byog senda heim ¬mitt bortførte folkutan vederlag, utan betaling,seier Herren, Allhærs Gud.
14. Så seier Herren:Du skal få all den rikdomsom egyptarane har samla ¬med sitt strevog nubiarane med sin handel.Og røslege karar frå Sebaskal koma og høyra deg til.Deg skal dei fylgja,og i lekkjer skal dei gå.For deg skal dei kasta seg ned,til deg skal dei fagnande seia:«Berre hjå deg er Gud;og det finst ingen annan,ingen annan Gud.»
15. Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg,du Israels Gud og frelsar.
16. Til spott og skam skal dei verta,alle som lagar gudebilete;med vanære skal dei gå bort.
17. Men Israel finn frelse ¬hjå Herren;ei evig frelse skal det vera.De skal aldri verta ¬til spott og skam.
18. Ja, så seier Herren,som skapte himmelen,han, den einaste Gud,som laga og forma jordaog gjorde hennar ¬grunnvollar faste,som ikkje skapte henne ¬til ei audn,men laga henne til bustad ¬for folk:Eg er Herren, og ingen annan.
19. Eg har ikkje tala i det dulde,ein stad i det mørke land.Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:«Søk meg i det aude og tome!»Eg, Herren, talar sanningog forkynner det som er rett.
20. Samla dykk og kom,stig fram i lag,de som har sloppe ¬unna folkeslaga!Dei skjønar ingenting,dei som ber sine gudebilete ¬av treog bed til ein gud ¬som ikkje kan frelsa.
21. Ta til ords, ¬legg fram dykkar sak,ja, berre rådlegg saman!Kven har kunngjort ¬dette føreåtog forkynt det for lenge sidan?Er det ikkje eg, Herren?Utan meg er det ingen Gud;det finst ingen annan ¬rettferdig og frelsande Gud.
22. Vend deg til meg og få frelse,heile du vide jord!For eg er Gud, og ingen annan.
23. Ved meg sjølv har eg svore,eit sanningsord har gått ut ¬or min munn,eit ord som eg ikkje tek att:For meg skal kvart kne ¬bøya seg,kvar tunge ¬skal sverja meg truskap.
24. Om meg skal dei seia:«Berre hjå Herren ¬er frelse og styrke.»Til han ¬skal dei skamfulle koma,alle som harmast på han.
25. Ved Herren ¬skal dei vinna rettferd,og av han skal dei rosa seg,alle som er av Israels ætt.