Jesaja 45:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så seier Herrentil den han har salva,til Kyros, som eg held ¬i hans høgre handfor å tvinga folkeslag ¬under han,løysa beltet av kongarog opna dører for han,så ingen port skal vera stengd.

2. Eg vil gå føre deg.Bakkar vil eg jamna,bronsedører vil eg sprengja,og jernbommar vil eg slå sund.

3. Eg vil gje deg skattar, ¬dulde i mørkret,og rikdomar, ¬gøymde på løynlege stader,så du skal vita at eg er Herren,Israels Gud, ¬som har kalla deg på namn.

4. For min tenar Jakobs skuld,for Israel, min utvalde,har eg kalla deg ¬og gjeve deg eit ærenamn,endå du ikkje kjende meg.

5. Eg er Herren, og ingen annan,utan meg finst det ingen Gud.Eg spente beltet om livet ¬på deg,endå du ikkje kjende meg,

6. så dei skal vita ¬både i aust og vestat det finst ingen annan ¬enn eg.Eg er Herren, og ingen annan.

7. Eg skaper ljoset,og eg lagar mørkret;eg skaper lukke og ulukke.Det er eg, Herren, ¬som gjer alt dette.

8. Lat det drypa ovanfrå, ¬du himmel,lat rettferd strøyma, de skyer!Jorda skal opna seg for det,og den frukt ho ber, er frelse,det ho lèt gro, er rettferd.Eg, Herren, skaper dette.

9. Ve den som trettar ¬med sin skapar– eit krusbrot ¬mellom krusbrot av jord!Kan leiret seia til han ¬som formar det:«Kva er det du gjer?»Kan verket seia:«Han har ikkje handlag»?

10. Ve den som seier til ein far:«Kva er det du avlar?»og til ei kvinne:«Kva er det du føder?»

11. Så seier Herren, Israels ¬Heilage,han som skaper dei ting ¬som kjem:Kvi spør de meg ¬om mine søner,kvi seier de meg ¬kva eg skal gjera?

12. Det var eg som laga jordaog skapte menneske der.Eg spente ut himmelen ¬med mine hender,og heile hans hær baud eg ut.

13. I rettferd har eg vekt ein mannog jamna alle hans vegar.Han skal byggja min byog senda heim ¬mitt bortførte folkutan vederlag, utan betaling,seier Herren, Allhærs Gud.

14. Så seier Herren:Du skal få all den rikdomsom egyptarane har samla ¬med sitt strevog nubiarane med sin handel.Og røslege karar frå Sebaskal koma og høyra deg til.Deg skal dei fylgja,og i lekkjer skal dei gå.For deg skal dei kasta seg ned,til deg skal dei fagnande seia:«Berre hjå deg er Gud;og det finst ingen annan,ingen annan Gud.»

15. Sanneleg, du er ein Gud ¬som løyner seg,du Israels Gud og frelsar.

16. Til spott og skam skal dei verta,alle som lagar gudebilete;med vanære skal dei gå bort.

Jesaja 45