Jesaja 44:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men høyr no, Jakob, ¬min tenar,du Israel, som eg har valt ut!

2. Så seier Herren,han som har skapt deg ¬og laga degog hjelpt deg alt frå mors liv:Ver ikkje redd, ¬du min tenar Jakob,Jesjurun, som eg har valt ut!

3. For eg vil renna vatn ¬over det tyrsteog straumar over det turre.Min Ande vil eg renna ut ¬over di ættog mi velsigning ¬over dine etterkomarar.

4. Dei skal veksa opp ¬som sev i vatn,som poplar attmed bekkefar.

5. Ein skal seia: ¬«Eg høyrer Herren til»,ein annan skal kalla seg ¬med Jakobs namn.Ein skal skriva i si hand: ¬«For Herren»,og Israel skal han få ¬til ærenamn.

6. Så seier Herren,Israels konge og utløysar,Herren, Allhærs Gud:Eg er den fyrste, ¬og eg er den siste,og utan meg ¬finst det ingen Gud.

7. Kven er som eg?Lat han stiga fram og fortelja,ja, leggja fram for meg ¬det som har hendtalt frå eg skapte ¬det fyrste folket.Og lat han seia dei det ¬som sidan skal henda.

8. Ottast ikkje, ver ikkje redde!Har eg ikkje for lenge sidankunngjort og sagt deg det?De er mine vitne.Finst det ein Gud utan meg?Eg veit ikkje om ¬noko anna berg.

9. Dei som lagar gudebilete, ¬duger ikkje;og deira kjære gudar ¬kan ikkje hjelpa.Deira vitne ser ikkje ¬og skjønar ikkje,difor vert dei til skammar.

10. Kven lagar ein gud ¬og støyper eit bileteutan å venta seg gagn av det?

11. Alle som dyrkar det, ¬vert til skammar;dei som lagar det, ¬er berre menneske.Lat dei samlast og stiga fram!Dei skal alle fyllast ¬med redsle og skam.

12. Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke.

13. Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus.

Jesaja 44