Jesaja 43:2-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg,gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort.Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg,og logen skal ikkje brenna deg.

3. For eg er Herren din Gud,Israels Heilage, din frelsar.Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg,Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4. Fordi du er dyr i mine augo,høgt akta og elska av meg,gjev eg menneske ¬i staden for deg,folkeslag for ditt liv.

5. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Austanfrå vil eg henta di ætt,og vestanfrå vil eg samla deg.

6. Eg seier til nordheimen:«Kom med dei!»og til sørheimen:«Hald dei ikkje att!»Henta sønene mine ¬langt bortanfråog døtrene mine ¬frå heimsens ende,

7. alle som er kalla ¬med mitt namn,alle dei eg har skapt,ja, skapt og gjort til mi ære.

8. Før fram dette folket,eit folk som har augo, ¬men ikkje ser,og øyro, men ikkje høyrer.

9. Lat alle folka samla segog alle folkeslag møta!Kven av dei ¬kan kunngjera sliktog seia oss det ¬som før har hendt?Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett!Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!»

10. Men de er mine vitne, ¬seier Herren,og min tenar, ¬som eg har valt ut,så de skal kjenna meg ¬og tru på megog skjøna at eg er Gud.Før meg var ingen gud til,og etter meg ¬skal det ingen koma.

11. Eg, ja eg er Herren,og utan meg ¬finst det ingen frelsar.

12. Det er eg ¬som har kunngjort dette,eg har frelst og gjort det kjent;ingen framand gud ¬har gjort det.De er mine vitne, seier Herren.Eg er Gud,

13. og det er eg frå æve av.Ingen kan riva ut or mi hand.Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.

14. Så seier Herren,dykkar utløysar, ¬Israels Heilage:For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylonog bryt ned alle bommane der;då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.

15. Eg er Herren, dykkar Heilage,Israels skapar, dykkar konge.

16. Så seier Herren,han som gjorde veg ¬gjennom sjøen,ein stig i det veldige vatnet,

Jesaja 43