14. Så seier Herren,dykkar utløysar, ¬Israels Heilage:For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylonog bryt ned alle bommane der;då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.
15. Eg er Herren, dykkar Heilage,Israels skapar, dykkar konge.
16. Så seier Herren,han som gjorde veg ¬gjennom sjøen,ein stig i det veldige vatnet,
17. som førte hestar og vogner,hær og hovdingar uti.Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje,dei slokna som ein veik.
18. Tenk ikkje på det ¬som hende før,gjev ikkje akt ¬på det som eingong var!
19. Sjå, eg skaper noko nytt.No gror det fram.Merkar de det ikkje?Ja, eg legg veg i øydemarkaog stigar i den aude hei.
20. Dyra på marka skal æra meg,både sjakalar og strutsar.For eg gjev vatn i øydemarka,lèt elvar renna i den aude hei,så mitt utvalde folk ¬kan få drikka.
21. Det folket eg har skapt meg,skal forkynna min pris.
22. Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob,du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel.
23. Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlamog ikkje æra meg ¬med slaktoffer.Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåverog ikkje trøytta deg ¬med røykjelse.