Jesaja 42:5-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så seier Herren Gud,han som skapte himmelen ¬og spente han ut,og breidde ut jorda ¬med alt som der gror,han som gjev livspust ¬til folket på jordog ånd til dei som ferdast der:

6. Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferdog teke deg i handa.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket,til eit ljos for folkeslaga.

7. Du skal opna blinde augoog føra fangar ut or fengslet,dei som sit i mørkret,ut or fangeholet.

8. Eg er Herren, det er mitt namn.Eg gjev ikkje mi ære til andreog ikkje min pris til gudebilete.

9. Det som vart varsla før, ¬er kome,og no kunngjer eg nye ting.Før dei enno gror fram,lèt eg dykk få høyra om dei.

10. Syng ein ny song for Herren,lovsyng han ¬frå heimsens endar,de som ferdast på havet,og alt som fyller det,de øyar og strenderog de som bur der!

Jesaja 42