Jesaja 42:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Blinde vil eg førapå ein veg dei ikkje kjenner,på ukjende stigar vil ¬eg leia dei.Mørkret framføre dei ¬vil eg gjera til ljosog ulendt mark til slette.Dette er det eg vil gjera,og ingen ting skal vera ugjort.

17. Med skam må dei vika attende,dei som lit på gudebilete,dei som seier til støypte bilete:«De er våre gudar.»

18. Høyr, de døve!Lyft augo og sjå, de blinde!

19. Kven er blind, ¬om ikkje min tenar,og døv som mitt sendebod?Kven er blind som min venog døv som Herrens tenar?

20. Mangt har du sett,men du ansar det ikkje;du har opne øyro, ¬men høyrer ikkje.

21. Herren ville for si ¬rettferd skuldgjera lova stor og herleg.

22. Men folket er herja og plyndra,alle er bundne i fangehol,i fengsel ligg dei bortgøymde.Dei vart til hærfang, ¬og ingen berga dei,til rov, ¬og ingen sa: «Gjev det att!»

23. Kven av dykk vil høyra ¬på dette,lyda etter frå denne stund?

24. Kven var det ¬som gav Jakob til plyndringog Israel til ransmenn?Det var Herren, ¬som vi synda imot.Dei ville ikkje gå på hans vegarog lydde ikkje hans lov.

25. Så rende han ut over deisin heite harme ¬og ein veldig krig.Det loga ikring dei, ¬men dei skjøna det ikkje,det svidde dei, ¬men dei ansa det ikkje.

Jesaja 42