Jesaja 42:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, min tenar ¬som eg stør,min utvalde ¬som eg har hugnad i!Eg har lagt min Ande på han,retten skal han føra ut til folka.

2. Han skal ikkje skrika ¬og ikkje ropaog ikkje bruka mælet på gata.

3. Han skal ikkje bryta ¬eit broste sevog ikkje sløkkja ¬ein rykande veik.Med truskap ¬skal han føra retten ut.

4. Han skal ikkje trøytnaog ikkje bryta samanfør han har breitt ut retten ¬på jorda.Øyar og strender ¬ventar på hans lære.

5. Så seier Herren Gud,han som skapte himmelen ¬og spente han ut,og breidde ut jorda ¬med alt som der gror,han som gjev livspust ¬til folket på jordog ånd til dei som ferdast der:

6. Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferdog teke deg i handa.Eg har skapt degog gjort deg til ei pakt ¬for folket,til eit ljos for folkeslaga.

7. Du skal opna blinde augoog føra fangar ut or fengslet,dei som sit i mørkret,ut or fangeholet.

8. Eg er Herren, det er mitt namn.Eg gjev ikkje mi ære til andreog ikkje min pris til gudebilete.

Jesaja 42