Jesaja 41:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram,er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten.

4. Kven var det ¬som sette dette i verk?Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram.Eg, Herren, er den fyrste,og eg skal vera hjå dei siste.

5. Øyar og strender ¬ser det og reddast,heimsens endar skjelv.Dei stimar i hop og kjem.

6. Den eine hjelper den andre ¬og seier:«Gå frimodig til verket!»

7. Meisteren set mot ¬i gullsmeden,den som bankar til metallet ¬med hamar,set mot i han ¬som slår på ambolten.Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.»Så fester dei biletet med naglar,og det står støtt.

8. Men du Israel, min tenar,Jakob, som eg har valt ut,du ætt av Abraham, min ven!

9. Eg henta deg ¬frå heimsens endarog kalla deg ¬frå den ytste utkant.Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar,eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»

10. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Sjå deg ikkje rådvill ikring,for eg er din Gud!Eg styrkjer deg og hjelper degog held deg oppe ¬med mi frelsarhand.

11. Sjå, dei vert til spott og skam,alle som harmast på deg.Dei vert til inkjes, ¬går til grunne,dei som set seg opp mot deg.

12. Om du leitar, finn du dei ikkje,dei som står deg imot.Dei går heilt til grunne,dei som strider mot deg.

13. For eg er Herren din Gud,som har gripe di høgre handog seier til deg: ¬«Ver ikkje redd!Eg hjelper deg.»

14. Ver uredd, Jakob, ¬du arme kryp,og de, Israels menn!Eg hjelper deg, ¬lyder ordet frå Herren,Israels Heilage er din utløysar.

Jesaja 41