Jesaja 41:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Om du leitar, finn du dei ikkje,dei som står deg imot.Dei går heilt til grunne,dei som strider mot deg.

13. For eg er Herren din Gud,som har gripe di høgre handog seier til deg: ¬«Ver ikkje redd!Eg hjelper deg.»

14. Ver uredd, Jakob, ¬du arme kryp,og de, Israels menn!Eg hjelper deg, ¬lyder ordet frå Herren,Israels Heilage er din utløysar.

15. Sjå, eg gjer deg ¬til ein treskjeslede,kvass og ny, ¬med mange taggar!Du skal treskja fjell ¬og krasa dei,og haugar skal du gjera ¬lik agner.

16. Du skal kasta dei i veret, ¬så vinden tek dei,og stormen spreier dei ¬vidt ikring.Men sjølv skal du jubla ¬i Herrenog rosa deg av Israels Heilage.

17. Dei arme og fattige ¬leitar fåfengt etter vatn,medan tunga brenn av torste.Eg, Herren, vil høyra ¬deira bøn,Israels Gud går ikkje frå dei.

18. Eg lèt elvar strøyma fram ¬på snaue høgderog kjelder midt i dalar.Eg gjer øydemarka ¬til sevgrodd tjørnog turre landet ¬til ein kjeldevang.

19. Eg lèt sedrar veksa ¬i øydemarka,akasie, myrt og oliventre.Eg plantar sypress ¬på den aude heisaman med gran og buksbom,

20. så alle kan sjå og vitaat Herrens hand har gjort det,leggja seg på hjarta og skjønaat Israels Heilage har skapt det.

21. Legg fram dykkar sak! ¬seier Herren.Kom med grunnane! ¬seier Jakobs konge.

22. Lat dei koma og kunngjera ossdet som sidan skal henda.Fortel oss ¬kva som før har hendt,så vi kan merka oss det!Eller lat oss få høyra ¬kva som skal koma,så vi kan vita kva ¬utgangen vert!

23. Kunngjer det ¬som eingong skal henda,så vi kan skjøna at de er gudar!Ja, gjer eitkvart, ¬godt eller vondt,så vi alle kan sjå det ¬og undrast!

24. Sjå, de er reine inkjevetta,og det de gjer, ¬er ingenting verdt.Ein styggedom er det ¬å velja seg dykk.

25. Eg har vekt ein mann frå nord,og han kjem, frå eit land i aust;han skal kalla på mitt namn.Styresmenn trakkar han ned ¬som søle,liksom pottemakaren ¬stampar leire.

26. Kven kunngjorde dette ¬frå fyrst av,så vi kunne vita det?Kven forkynte det i gamal tid,så vi kunne seia: ¬«Det er rett»?Ingen har kunngjort det,ingen har sagt frå,ingen har høyrt eit ord ¬frå dykk.

27. Eg er den fyrste ¬som seier til Sion:«Sjå, der er dei!»og sender gledebod ¬til Jerusalem.

28. Eg ser meg om, ¬men det finst ikkje ein,ikkje ein som kan gje råd,så eg kunne spørja ¬og få svar.

29. Nei, alle er dei inkjevetta,og det dei gjer, ¬er ingenting verdt.Gagnlause ¬er deira støypte bilete.

Jesaja 41